Mål og meining for Salten mållag:


a. Arbeide for at nynorsken får det rom og den rett som han har krav på etter norske lover og føresegner.

b. Arbeide for opplysning om norsk mål, særleg om samanhengen og likskapen mellom nord-norsk talemål og nynorsk skriftmål.

c. Arbeide for at nynorsken får sitt rettkome rom i det norske framtidsmålet.

d. Arbeide for at nord-norske ord og vendingar som er godkjende i skriftmålet må bli tekne meir i bruk, og at skriftmålet meir enn før må ta omsyn til nordnorsk talemål.

e. Spreie nynorsk lesnad, t.d. ved å tinge bort nynorske blad og bøker, og elles stø alt målarbeid som samsvarar med føremålsparagrafen.


TIL STARTSTIDA FOR SALTEN MÅLLAG