TIL STARTSTIDA FOR SALTEN MÅLLAG


Frå nordnorsk til nynorsk

Av Ludvig Kvandal


For ei rask innføring i nynorsk, viser vi til "Nynorskens abc".

På denne sida vi vi kort gå gjennom korleis ein nordlending kan arbeide med dialekta si for å nærme seg nynorsk.

OBS: Synest du der vanskeleg å lese denne teksten på skjermen? Då kan du prøve å minske rutestorleiken slik at linene vert kortare. Det er lettare å lese korte liner enn lange (jf. spaltene i ei avis).


Innleiing

Vi vil her gje deg ei oppmuntring til elevar (og lærarar?) som synest nynorsk er noko træl og eit hinder for å lære norsk på "skikkeleg" vis.

Dette er ikkje noko uttømmande oversikt over nynorsk grammatikk eller pedagogisk oppskrift, men vi vil vise kva du kan gjere for å utvikle eit godt nynorsk skriftspråk.

Korfor lære nynorsk?

"Vi snakkar ikkje nynorsk her i Salten".
I denne utsegna ligg ei utbreidd oppfatning av at nynorsk er noko framandt, som ikkje hører heime her. No er det slik at nynorsk ikkje er eit talemål, men eit skriftspråk som byggjer på dialektane. Derfor vil også alle med saltværings- dialekt kjenne seg igjen i dette språket. Det tar berre litt tid å gjøre seg kjent med det, fordi bokmål er det skriftspråket som vi først møter og bruker og derfor reknar som det normale.

Det språket alle kan i utgangspunktet, er dialekten. Likevel møter alle elevane i skolen eit opplæringsspråk som er ganske fjernt frå talemålet .

Vi kan ta eit eksempel: "Æ/E kasta mange sneballa` i går" blir på bokmål til "Jeg kastet mange snøballer i går".
Vi ser her at forskjellen mellom dialekt og bokmål er ganske stor. Dialekten blir derfor som regel ikkje noko naturleg utgangspunkt når dette skriftspråket skal lærast. På nynorsk ville den same setninga bli slik: "Eg kasta mange snøballar i går." Her ser vi at nynorsk ligg mykje nærmare dialekten enn bokmål. Fleire eksempel vil vi komme tilbake til.

Ved å bruke nynorsk , kan vi finne tilbake til det språket vi kan best, og dermed bli meir språkbevisste. Vi blir sikrare på språket og dermed flinkare til å uttrykke oss.

Språkleg identitet og språkleg tryggleik.
Nynorsk og sikker dialekt kan også gjøre oss meir bevisste på vår eigen språklege identitet, noko bokmål ikkje kan for oss saltenværingar. Bokmål/riksmål byggjer på såkalla "dannet østnorsk tale" og er derfor eit naturleg skriftspråk for dei som bor vestafor Akerselva i Oslo.

Knoting er noko vi ofte hører på radio i lokalsendingane. Vi kan oppleve at både journalisten og intervjuobjektet seier t.d. pengene og pengan` i same setninga.. På nynorsk heiter det pengane og støttar dialektforma pengan`. Eit skriftspråk som støttar dialekten, vil derfor hindre slik usikker språkbruk.

Nynorsk i det offentlege
Sjølv om bokmålet dominerer, møter vi nynorsk i litteraturen, kringkastinga, pressa og på teater. I lyrikken har nynorsk stått forholdsvis sterkt over lang tid. Mange moderne forfattarar skriv prosa på nynorsk, t.d. Rune Belsvik og Ragnar Hovland. Kringkastinga har som mål å bruke minst 25% nynorsk, men målet er ikkje nådd. Til gjengjeld er det blitt meir vanleg å bruke dialekt i lokalkringkastinga. I pressa dominerer bokmålet, men mange aviser har artikkelstoff på nynorsk. Dette gjeld faktisk og aviser som kjem ut i Oslo. På teater møter vi nynorsk på Det norske teatret i Oslo. (Normalnynorsk med austnorsk tonefall). Elles spelar regionteatra mykje på dialekt og/eller nynorsk.

Vi har ein lov om målbruk i offentleg teneste det er viktig å merke seg: "Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune." Dette vil seie at alle dei som får jobb i det offentlege, og som har skriftleg utforming som ein del av arbeidet, må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Brev på nynorsk skal derfor svarast på nynorsk, og brev på bokmål skal svarast på bokmål.

Nynorsk som personleg skriftspråk
Ein annan viktig grunn til å lære nynorsk har med fridom til å velje skriftspråk å gjøre. Ettersom ein har to likestilte målformer i Noreg, kan ein i prinsippet velje kva for eit personleg skriftspråk som passar best. Det er ikkje sjølvsagt at den målforma du har hatt opplæring i frå 1.klassen i grunnskolen, er den som passar best for deg. Du veit som oftast ikkje kva sidemålet eigentleg er, før du har lært det i skolen. Når du har kunnskap om begge målformene, står du friare i valet mellom dei.

Kort kan vi seie at ein dialekt er den forma av norsk(eller nasjonalspråket) som blir snakka i eit avgrensa område, og som skil seg ut frå nasjonalspråket og andre dialektar ved visse kjenneteikn eller målmerke. Målmerka gjeld uttalen, bøyingsformene (bøying av substantiv, verb osb.), setningsbygginga og ordvalet. Dersom ein person har behalde dialekten sin, kan vi ved hjelp av målmerka finne ut kva for ein del av landet ho eller han kjem frå. Dette kan vere ein interessant sport eller hobby, eller ein spanande måte å kome i kontakt med andre på.

Ein dialekt må ikkje bli forveksla med idiolekt eller sosiolekt. Idiolekt er den varianten av dialekten som eitt menneske snakkar. Sosiolekt er den varianten av dialekten som ei sosial gruppe eller ein samfunnsklasse snakkar.

Kva er god nynorsk?

Det er vanskeleg å bli ein god nynorskskrivar ved å pugge verb eller annan grammatikk, som om det var eit framandspråk. Vi blir heller ikkje gode skrivarar om vi "omsetjer" frå bokmål til nynorsk, sjølv om slike småe øvingar kan vere greie nok for å drille inn delar av grammatikken. Godt språk handlar om språkfølelse, og da bør ein finne andre metodar. Å lese nynorske tekstar er ein fin måte å øve inn språkkjensla på.or

Vi har mange gode forfattarar her i landet som skriv på nynorsk, så her skulle det vere bøker nok å kose seg med for den som liker skjønnlitteratur. Avisartiklar eller faglege framstillingar er gode alternativ. I tillegg har vi mykje god musikk med tekstar på både nynorsk og dialekt.

Hovudgrunnlaget for eit godt nynorsk språk er å finne i dialektane.

Her i Salten er vi så heldige at vi har eit målføre som ligg ganske nært skriftspråket. Med dette som grunnlag, kan ein gje nokre viktige råd i arbeidet mot god nynorsk:

  1. * bruk ein naturleg uttrykksmåte
    Spør deg sjølv om du ville ha sagt det slik, eller om det hørest konstruert ut.
    Nynorsk er eit moderne og munnleg språk, som gjør kronglete setningar overflødige.
  2. * bruk ein aktiv uttrykksmåte
    Dette er eit typisk trekk ved norsk talemål og dermed nynorsk. I praksis betyr dette at ein seier (og skriv) "Du må lese teksten ferdig til neste veke" i staden for "Teksten leses ferdig til neste uke". Aktiv uttrykksmåte er det same som at verbet står i aktiv form. Passiv bruker ein på nynorsk når du sjølv ville brukt det i ditt eige talemål.
  3. * unngå å bli smitta av substantivsjuka
    "Til utarbeidinga av teksten tilråast bruk av leksikon." Sjølv om alle orda er gode nok, er ikkje dette god nynorsk. Vi ser at setninga inne held to substantiv og eitt verb i passiv form. Kanskje vil denne setninga vere betre og meir i samsvar med dialekten: "Når du skriv teksten, bør du bruke leksikon." Her er to verb nytta i staden for substantiva, og passivforma er omgjort til aktiv. Folk brukar verb i staden for substantiv når dei snakkar. Derfor seier vi at nynorsk er eit verbalt språk.
  4. * genitiv
    "Elevanes meldingsbøker" er ein genitivskonstruksjon som ikkje hører heime i dialekt eller nynorsk. På god nynorsk skriv ein "Meldingsbøkene til elevane" eller "Elevane sine meldingsbøker". Dersom ein er stø i sin eigen dialekt, vil ikkje genitiv vere noko problem.
  5. * dialektord
    Ikkje ver redd for å bruke (dialekt)ord som ikkje står i ordlista. Ho inneheld berre eit utval av ord og er derfor ingen fasit når det gjeld kva slags ord du kan bruke. Dersom det ordet du vil nytte, ikkje står i ordlista, betyr ikkje det at ordet automatisk er forbode.
  6. * "anbehetelse"
    Desse for- og etterstavingane av tysk-dansk opphav har tradisjonelt vore bannlyste i nynorsk Dei heimlege alternativa er ^dom , -skap eller -leik i staden for - het/heit (fridom, likskap, kjærleik). I staden for ^else brukar ein oftast ^ing(drøfting, nekting).

Språkrådet har i juni og juli 2000 godkjent ei heil rekke av "anbehetelse"-ord, slik at ein no kan seie at dei fleste slike ord er gangbare i nynorsk dersom dei er vanlege i dialekten.

Eit rundskriv frå daverande KUD , F-123/84, slår dette fast: "Når det gjeld ord som tradisjonelt ikkje har har hatt rom i nynorsk, men som i bygnad og bruk ikkje bryt med målforma og derfor kjennest heimlege, bør lærarar og sensorar ikkje vurdere dette som feil." Forfattarar som skriv på nynorsk, bruker og mange ord av denne typen, og kva er vel meir naturleg enn at også skoleelevar får gjøre det same?

God språkbruk er avhengig av at du er bevisst (medviten) kva for ein språkleg stil det er mest naturleg å nytte. Valet står mellom gammaldags nynorsk ("gjeng", "fær", "røynleg", "sumar"), tradisjonell nynorsk eller radikal nynorsk. Når valet av stil er tatt, bør ein gjennom-føre den mest mulig(mogleg) konsekvent. Orda i parentes kan vise kva ein språkleg stil vil seie.

Som regel har nynorsk både enklare og betre ord enn bokmål: sjølvmelding (selvangivelse), kjærleik (kjærlighet), bokmelding (bokanmeldelse). I tillegg er nynorsk eit moderne og konkret språk, utan konstruerte uttrykk eller klisjear. Vi skriv "dette er svært viktig" i staden for "dette er av den største viktighet"(substantiv-virus!)

Saltendialekten og andre dialektar?

Påstanden om at nynorsk byggjer på dialektane har vore nemnt fleire gonger, og da er det vel naturleg at vi ser på nokre dialektprøver for å sjå om dette stemmer:

Totendialekt
På alle væga er det kolossalt med trafikk nå for tida, det gjeld både i bya og utover bygden. Detti fører med seg mange trafikkulykker. Det er spesielt mange unger som blir skadd i trafikken, itte minst elever som er på væg til skolen. Det skjer såmmå å my skolen driv med opplysning om å farlige bila er.

Ein mårrå var det to kjerringer som kom gåendes nedover mot politistasjonen. Dom skulle dit med ein søknad om å få ha eit lotteri neste måne. Der møtte dom på ein flokk gutter og jinter som dreiv og lekte i brøytekanten. Det var sikkert skoleunger, men det såg itte ut tel at dom brydde seg så my om skole og pensum akkurat nå, for dom hadde slengt ifrå seg vesken.. Noen hång på greinen oppi eit tre, noen på ein stolpe, og fler ta bøken hadde døtti ut og låg strøydd bordover fortaue.

"Nei, huff, sjå på unga bordi vægakanten", sa den eine kjerringa, "dom har itte auver i huggu. Prøver itte lærera og foreldra å lære dom litt trafikk-kultur?"

Så kjem det plutselig ein brøytebil kjørendes. Unga ser selvfølgelig itte bilen, og ein gutt flyg rett ut i gata. Han blir tin ta plogen, kaste over eit gjerde, og der lander`n på ryggen i den djupe snøen. Sjåføren hopper tur og roper:"Åssen gikk det?" Etter ei stund kom svare: "Je veit itte riktig, je, men je skal sea dekk at byen er pen sett frå lufta."

Nesnadialekt
På ajl veian e det kolossalt med trafikk no før tida, det gjejld både i byan og utover bygden. Det her før med seg mang trafikkuløkka. Det e spesielt mang unga som bi skada i trafikken, ikkje minst eleva som e på vei te skola. Det skjer samme kor mykje skola driv med opp-lysning om kor farleg bilan e.

Ein mårra va det to kjerringe som kom gåandes nedover mot politistasjonen. Di skull dit ned med ein søknad om å få ha eit lotteri neste måne. Der møtt de på ein flokk med glunta og jente som holdt på og leika seg i brøytekanten. Det va sekkert skoleunga, men det såg ikkje ut tel at de brydd seg så mykje om skola og pensum akkurat no, før de hadd slengt ifrå seg vesken. Nonn hang på greinen oppi eit tre, nonn på ein stolpe, og fleire av bøkern hadd døtte ut og låg strødd bortover fortaue.

"Nei, huff, sjå ungan borti veikanten", sa den eine kjerringa, "di har ikkje aua i haue. Prøva ikkje læreran og foreldran å lær dem litt trafikk-kultur?"

Så kjem det plutseleg ein brøytebil kjørandes. Ungan ser selvfølgele ikkje bilen, og ein glunt spreng rett ut i gata. Han bi tatt av plogen, kasta over eit gjæle, og der landa han på ryggen i laussnyen. Sjåføren hoppa ut og ropa: "Korlesn gjekk det?" Etter ei stund kom svare: "Eg veit ikkje rektig, eg, men eg ska sei dokk byen e fin sett ifrå lufta."

Orkdalsdialekt
På ajl veien e det kolossalt med trafikk no for tida, det gjejl både i byan og utover bøgden. Det her føre med sæ mang trafikkuløkke. Det e spesielt mang unga som bli skada i trafikken, ittj minst eleva som e på vei te skolen. Det skjer såmmå kor my skolen driv med opplysning om kor farleg bilan e.

Ein mårra va det to kjerringa/kjerringo som kom gåand nedover mot politistasjonen. Dæm skojll dit med ein søknad om å¨få ha eit lotteri neste mån. Der møtt dæm på ein flokk gutunga og veikjunga som heldt på og leika sæ i brøytekanten. Det va sekkert skoleunga, men det så ittj ut te at dæm brydd sæ så my om skole og pensum akkurat no, før dæm ha slengt frå sæ veskan/veskon. Nonn hang på greinen oppi eit tre, nonn på ein stolpe, og fleir tå bøkern ha dotte ut og lå strødd bortover fortaue.

"Nei, huff, sjå ungan borti veikanten", sa den eine kjerringa, "dæm har ittj auga/augo i haue. Prøve ittj læreran og foreldra å lær dæm litt trafikk-kultur?"

Så kjem det plutseleg ein brøytebil kjørand. Ungan ser sjølsagt ittj bilen, og ein gutunge spreng rett ut i gata. Han bli tatt tå plogen, kasta over eit gjæle, og der lande`n på røggen i djupsnøen. Sjåføren hoppe ut og rope: "Kolles gjekk det?" Etter ei stynd kom svare: "Æ veit ittj rektig, æ, men æ skal sei dokk byen e pen sjett frå lufta".

Saltendialekt
På ajl veian e da kolossalt me trafikk no førr tia, da gjejl bådde i byan og utover byggdn. Daherran før me se maang trafikkoløkka. Da e spesielt maang unga så bi skadd i trafikken, ikkj mijnst eleva så e på vei te skoln. Da skjer saam kor mykj skoln driv me opplysning om kor farli bilan e.

Enn mårrån va da to kjerringa så kom gåan neover mot politistasjonen. De sku dit me en søikna om å få ha et lotteri næste måån. Dar møtt de en flokk glujnta og vekj så dreiv og lekkt i brøytkajntn. Det va sekkert skolunga, mæn da såg ikkj ut te at de bryjdd se så mykj om skol og pænsum akkorat no, førr de ha slængt frå se væsken. Nåen hang på glein`n oppi et tre, nåen på en stållp, og fleir a bøkernha døtt ut og låg strødd bortover fortaue.

"Næi, huff, sjå på ungan borti veikajntn", sa dajn ein kjerringa, "de har ikkj aua i høvve. Prøøv ikkj læraran og førejlranå læær de litt trafikk-kultur?"

Så kjem da plutseli en brøytebil kjøyranes. Ungan ser sjølsagt ikkj biln, og en glujnt flyg rætt ut i gata. Hånn bi tatt (titjtn) a plogen, kasta over et gjære, og dar lajnna hånn på ryggen i dajn djupe snyen. Sjåførn hoppa ut og ropa: "Korsn jækk da?" Ett ei stujnn kom svare: "E veit ikkj, e, mænn e ska sei dokk at byen e pæn sett frå lufta".

På nynorsk kan desse dialektprøvene sjå slik ut:
På alle vegane er det kolossalt med trafikk nå for tida. Det gjeld både i byane og utover bygdene. Dette fører med seg mange trafikkulykker. Det er spesielt mange ungar som blir skadde i trafikken, ikkje minst elevar som er på veg til skolen. Det skjer same kor mye skolen driv med opplysning om kor farlege bilane er.

Ein morgon var det to kjerringar som kom gåande nedover mot politistasjonen. Dei skulle dit med ein søknad om å få ha eit lotteri neste månad. Der møtte dei ein flokk gutar og jenter som dreiv og leikte i brøytekanten. Det var sikkert skoleungar, men det såg ikkje ut til at dei brydde seg seg så mye om skole og pensum akkurat nå, for dei hadde slengt frå seg veskene. Noen hang på greinene oppi eit tre, noen på ein stolpe, og fleire av bøkene hadde dotte ut og låg strødde bortover fortauet.

"Nei, huff, sjå på ungane borti vegkanten", sa den eine kjerringa, "dei har ikkje auge i hovudet. Prøver ikkje lærarane og foreldra å lære dei litt trafikk-kultur?"

Så kjem det pluseleg ein brøytebil kjørande. Ungane ser sjølvsagt ikkje bilen, og ein gut flyg rett ut i gata. Han blir tatt av plogen, kasta over eit gjerde, og der landar han på ryggen i den djupe snøen. Sjåføren hoppar ut og roper: "Korleis gikk det?" Etter ei stund kom svaret: "Eg veit ikkje riktig, eg, men eg skal seie dykk at byen er pen sett frå lufta".

Kjelder
Kjell M. Øksendal: Dialekt og nynorsk. Nordland.
Roger Lockertsen: Nordlig nordnorsk
Geir Lorentsen m.fl.: Frå dialekt til nynorsk
Dag og tid: Stilskriving og nynorsk språkbruk
Ein spesiell takk til lektor Gunnar Berg for dialektprøva på saltenmål.


Til toppen av sida


TIL STARTSTIDA FOR SALTEN MÅLLAG