TIL STARTSTIDA FOR SALTEN MÅLLAG


Nynorskingar i Nordland

Her vil vi presentere kjende nordlendingar som skreiv eller skriv nynorsk

Vi byrjar med Elias Blix, mannen som skreiv Nordlands uoffisielle nasjonalsong "Å eg veit meg eit land".

Informasjon om Elias Blix finn du også på denne sida til Anders Aschim.


Elias Blix, landsmålet og julesalmene

Av Kjellrunn Kr. Trohaug


Elias Blix (1836-1902) var bygdegut frå Gildeskål. Etter lærerseminaret i Tromsø studerte han teologi, og blei professor i hebraisk ved Universitetet i Kristiania. Han var også rikspolitikar, og kyrkjeministeren i Sverdrupregjeringa (1884-1888), då Stortinget i 1885 fatta jamstillingsvedtak om at "det norske Folkesprog skulle sidestilles med vort allminnelige Skrift- og Bogsproget". Blix er på sett og vis medansvarleg for språksituasjonen i dag, i alle høve førte han landsmålet inn i kyrkja.

I Kristiania blei han kjend med både Ivar Aasen og A.O. Vinje. Som salmediktar var Elias Blix ein av dei første diktarane som tok den nye språkforma til Ivar Aasen i bruk. Han skreiv sjølvsagt først på det "dansk-norske bogsproget", men gjekk over til å skrive landsmål. Med utgangspunkt i den nordnorske dialekten frå Gildeskål skal han ha uttalt om dette språkbyttet: "Det var som å koma heim språkleg." Han las Ivar Aasens: "Det norske Folkesprogs Grammatik" som ein roman, fortel han sjøl, og grunngjev det med: "For her kjende eg alt saman att fraa mitt Heimemaal."

I 1869 gav han anonymt ut eit tynt lite salmehefte på landsmålet. Først då heftet kom ut for femte gong i 1891, stod namnet Elias Blix på tittelbladet. Då hadde salmene hans rekt å bli folkekjære ut over målrørsla, men ikkje offisielt aksepterte. Til langt inn i vårt hundreår blei det i ulike kjerkasokn røysta over, om landsmålssalmane til Blix skulle sleppe inn i gudstenesta ved sida av den autoriserte salmeboka til Landstad. Det var sjølve språkforma som var konflikttemaet, ikkje innhaldet. Salmane hans speglar eit evangelisk grunnsyn. Salmeboka vår inneheld i dag over 50 ulike salmar av Blix på nynorsk. Dei er blitt ein del av den norske kulturarven. Både fedrelandssalmen "Gud signe vårt dyre fedreland" og "No livnar det i lundar" er folkeeige i heile landet, for folk nordfrå er "Å, eg veit meg eit land" som ein nasjonalsong å rekne.

Elias Blix skreiv også fleire julesalmer. I salmesamlinga frå 1891 er der fem ulike salmer som er knytte til jula. I fleire av dei står lyssymbolikken sentralt, kanskje ikkje så rart all den tid jula er mørketidshøgtida, samtidig som lyset også er eit sentralt kristent symbol. I debutsamlinga finn vi julesalma "Det folk som i myrkre natt", der Blix spelar nettopp på kontrasten mellom lys og mørke. Han er nok både inspirert av Johannesevangeliet, og sine eigne erfaringane frå mørketida i Nordland. Det er gjennom Jesus, her kalt Jacobs sol at himmeldøra opnar seg for mennesket; "Kom då du Jacobs sol, og lys meg heim til jol, opp i din himmelstad."

Ei av dei mest kjende julesalmene til Elias Blix er "Kling no klokka! Ring og lokka!" (1889). Hos Blix går alltid innhald og form hand i hand, noko som denne salma er eit framifrå eksempel på. Gjennom takt og rytme høyrer vi klokkeklangen, og verba kling og ring er lydmalande ord som understrekar hørselsinntrykket. Englesongen, den store gleda over underet som skjedde julenatta, kling gjennom heile salma og peikar fram mot ei ny høgtid i himmelrik, "då skal oss klokka, leikande lokka til helg i sky."

"No koma Guds englar", er ei anna kjend julesalme av Elias Blix. Omkvedet er høgtidsstemt og jublande i si lovprising av Kristus, "Vår fredsfyrste høgt vere lova.". Det framhevar gleda i juleunderet, då Jesubarnet kom til jord. Kristus, som blir kalt Fredsfyrsten, kjem med bod om sol og varme midt i den kalde og mørke vinternatta. Han er omgitt av strålande lys som skapar nytt lys og ny tru, når det når fram til kvar enkelt. Der er ikkje skilnad på høg og låg, rik og fattig: "frå høgsal til armaste hytte", strålar lyset, trua. Barnet i krybben er kome for å skape fred og framtidstru. Det er håp for alle menneske, også attom grava. Igjen bruker forfattaren kontrastane lys og mørke, her for å visualisere evangeliet og styrke trua.

Blix har også skrive høgtidssalmar til både påske og pinse. Om alle salmene til Blix kan vi seie at dei har eit inkluderande innhaldet. Dette fortel noko om menneskesynet hans. Han ønska å lage brukssalmer til kyrkje og bedehus, til kristne forsamlingar og til personleg kristenliv. Salmene skulle nå fram til alle og gje nytt liv, og ny Kristustru. Blix stod ikkje berre for ein jordnær, glad og folkeleg kristendom, han førte også nynorsken inn i kyrkja og gjorde han til folkeeige gjennom salmane sine. Opplev trusgleda, og lytt etter språkklangen i denne strofa frå ei kjend julesalme av Elias Blix:

Sæle jolekveld!

Lat ein heilag eld

Stiga høgt i logar klåre

Opp i frå vår låge åre,

Brenna i kvar bu

Høgt i takk og tru!


TIL STARTSTIDA FOR SALTEN MÅLLAG